23948sdkhjf

– Entreprenørene krever for mye for sykehusbygg

Konkurransen om å bygge akuttsjukehuset bør bli avslutta, fordi det ikkje vil vere mogeleg å forhandle prisane ned til den økonomiske ramma som er satt for oppdraget, mener styreleder.

Konkurransen står om å bygge Sykehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset, men adm.dir. Espen Remmes innstilling til styret i Helse Møre og Romsdal er skeptisk. Pristilboda som har kome inn er langt høgare enn forventa, og det vil ikkje vere mogeleg å forhandle dei ned til den økonomiske ramma som er satt for oppdraget.

– Ny konkurranse
– Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal realiserast i tråd med vedtak og intensjonar som ligg i forprosjektet, men eg ser meg nøydd til å anbefale at den pågåande konkurransen blir stoppa. Vi ønskjer mellom anna å sjå nærare på val av entreprisemodell og konkurransegrunnlag, før vi går ut med ein ny konkurranse, seier Remme i ei pressemelding.

To pristilbod
11. mai fekk Helse Møre og Romsdal inn tilbod frå to entreprenørar, BetonmastHæhre AS og Skanska AS på bygging av akuttsjukehuset på Hjelset. Begge tilboda er godt gjennomarbeidde og inneheld gode forslag til gjennomføring av byggeprosjektet, men pristilboda ligg vesentleg høgare enn berekna.

– For å kunne vurdere innhaldet i tilboda så har vi møtt og gjennomført forhandlingar med entreprenørane. Vi har hatt konstruktiv og gode dialog og begge entreprenørar har gitt oss fleire forslag til kostnadsreduserande tiltak.  Vårt forhandlingsteam vurderer likevel at vi ikkje vil greie å redusere tilboda tilstrekkeleg gjennom fleire forhandlingsrundar, seier prosjektdirektør Helle Jensen.

Av konkurransemessige omsyn kan ikkje prosjektet opplyse om storleiken på pristilboda, men Sjukehuset Nordmøre og Romsdal skal realiserast gjennom fleire entreprisar som totalt sett skal løysast innafor styringsramma for prosjektet som er 4,3 mrd. kroner (2018-kroner).

Forseinking i prosjektet
Planen var å innstille ein entreprenør for oppdraget 29.juni, og deretter starte samhandlingsfasen fram mot byggestart i november 2018. Om styret vedtek å avslutte konkurransen, vil prosjektet og byggestart truleg bli utsett med pluss-minus eitt år.

– Det er leit om realiseringa av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal blir forsinka, men det er viktig at vi sikrar ein god og økonomisk forsvarleg gjennomføring av prosjektet. SNR skal realiserast slik at vi sikrar befolkninga i Nordmøre og Romsdal eit godt tilbod i framtida, og eg er oppteken av å sikre at planlegginga og anleggsarbeidet held fram slik at ein unngår unødige forseinkingar, seier Remme.

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.074