Bypakke Ålesund - kan starte i 2021
Torsdag 7.mai var Samferdselsdepartementet, Finansdepartementet, Statens vegvesen og konsulentar samla til oppstart av arbeidet med ekstern kvalitetssikring av E136 Breivika – Lerstad og Bypakke Ålesund.
Strekninga E136 Breivika-Lerstad, som er ei del av Bypakke Ålesund, skal gjennom ei eiga kvalitetssikring av planar for gjennomføring og kostnadsoverslag då prosjektet har ein kostnad på 1,92 milliardar kroner (2019-kroner).
Man venter KS2-rapporten i september og den vil være en viktig del av grunnlaget for bompengeproposisjonen som skal legges frem for Stortinget.
Dersom Stortinget vedtar bompengefinansiering av Bypakke Ålesund før årsskiftet, kan det bli mulig med oppstart av de første prosjektene i bypakken i løpet av 2021.
Bypakke Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen.
I tillegg til E136 Breivika-Lerstad er følgjande prosjekt med i Bypakke Ålesund:
Ulike kollektivtiltak, samt tiltak for auka trafikktryggleik og tiltak for gåande og syklande
Ny Brosundbru, gate frå Hotel Waterfront til Posthuskrysset
Kollektivterminal i Keiser Wilhelmsgate
Kollektivknutepunkt ved Ålesund sykehus
Miljøgate og kollektivknutepunkt ved NTNU
E136 Lerstadtoppen-Campus: Etablering av eit sambruksfelt (kollektivfelt)
Tiltak på fv. 60 Blindheim – Flisnes: Sanering av kryss, tilrettelegging for gåande og syklande samt kollektivtiltak
Tiltak på E39 ved Myrland: Påkøyringsrampe