Dyrsku'n er reddet!

Denne gladmailen kom fra Dyrskun klokken 15.48 i dag. Og siden den i all hovedsak taler for seg selv, uten mer fiksfaks fra journalisten, bringer vi teksten nesten i sin helhet :)
"Tysdag 18. august kom meldinga om at Dyrsku’n mottar 11,2 millionar i kompensasjon frå staten. Landets største landbruks- og handelsmesse er med dette langt betre rusta til å møte framtida.
Vi er svært tilfreds med støtta frå regjeringa. Støtta vi mottar er ikkje nok til å dekke underskotet vi får som følgje av nedstenginga, men bidrar klart til å styrke Dyrsku’n framover.
Dyrsku’n har vore ein sentral møteplass og utviklingsaktør i over 150 år og vi er stolt av at regjeringa ynskjer å bidra til å styrke vårt arbeid for dei komande år.
No gler vi oss til å fortsette planleggingsarbeidet, slik at vi kan halde fram med å skape utvikling gjennom møteplassen Dyrsku’n. Vi er godt i gang med arbeidet for neste års arrangement.
Kva restriksjonar som eventuelt vil regulere arrangementet veit vi ikkje nok om pr. no. Sentralt for oss i arbeidet framover er å planlegge eit trygt og godt arrangement med god handel og folkeliv på Dyrsku’n.
Vi samarbeider tett med helsemyndigheitene og har dialog med øvrige aktørar i bransjen for erfaringsutveksling tilknytt smittevernstiltak, logistikk og publikumshandtering. Vi kjem tilbake til dykk med meir informasjon så snart vi har dette på plass."