23948sdkhjf

Varsler ramaskrik

Stavanger Aftenblad har invitert sentrale rogalendinger til å uttale seg om forventinger til statsbudsjettet. Her er svarene som gjelder samferdsel:

Fylkesvaraordførar Ellen Solheim (KrF):

Og meir til samferdsle, sjølvsagt. Kostnadsveksten på vegprosjekt er på 30 prosent. Denne må kompenserast. I fjor fekk Stavanger-området lite av dei såkalla belønningsmidlane til kollektivtrafikken, i år må me få langt meir. I klimaforliket står det at desse midlane skal doblast.

Fylkesleiar Frode Berge Rogaland Ap: .

Jens har varsla eit større løft i Nasjonal Transportplan som kjem seinare i haust. Eg vonar statsbudsjettet tek dei første stega her, både auke på veg og bane og buss og båt. Her blir nå meir ledig kapasitet på arbeidsmarknaden, særleg innan bygg og anlegg. Det gjer at me kan investera meir på samferdsle utan at det fører til kostnadspress og renteauke.

Fylkesleiar Klara Tveit, Rogaland SV:

Kollektivtrafikk: - Me forventar meir midlar til jernbane og håpar at bybanen kjem med, det vil sei midlar til vidare planlegging av banen. Meir til kollektivtransporten, nærmare bestemt auke i storbymidlane trengst.

Me har også spelt inn ønske om at sambandet Stavanger-Tau må få fleire ferjer.

Distriktssekretær Øystein Hansen Rogaland LO:

Me må få ei auka satsing på samferdsel totalt sett, både når det gjeld vegar, bane, buss og båt.

Direktør Bjørn M. Stangeland, NHO Rogaland:

Næringslivet i Rogaland er svært opptekne av at me får meir til både veg og jernbane. Statsministeren må følgja opp det varsla samferdsleløftet.

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.064