Hurtigruta får 125 mill ekstra
Her er innholdet i en pressemelding fra samferdselsdepartementet, der ministeren hadde pressemøte tidligere i kveld:
Regjeringa vil i midten av neste månad gjere framlegg om ei tilleggsløyving på 125 millionar kroner over statsbudsjettet for 2008 til statleg kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen - Kirkenes. Med denne tilleggsløyvinga vil det dermed over statsbudsjettet for 2008 vere løyvd om lag 413 millionar kroner til slikt kjøp.
- Med dette har regjeringa lagt til rette for ei løysing som vil bidra til å sikre selskapet si evne til å oppretthalde eit godt tilbod til folk og næringsliv langs kysten. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med forhandlingane mellom Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA.
Beløpet er til dels ein kompensasjon for NOX-avgift for 2007 og innbetaling til NOX-fondet første halvår 2008, og til dels ein generell kompensasjon for å sikre at selskapet kan levere tilnærma den transporttenesta som inngår i det offentlege kjøpet fram til at ny avtale er sett i drift etter nytt tilbod.
Det blir lagt til grunn at kompensasjonen for NOX-avgift blir basert på 90 prosent for dagens flåte, og at det resterande utgjer generell kompensasjon.
Samferdselsdepartementet godtek vidare at selskapet kan ta ut eitt skip i vintersesongen for resten av avtaleperioden, mot trekk i godtgjersla frå staten. For vintersesongen 2008/2009 gjeld det frå og med november 2008 til og med mars 2009.
Den generelle kompensasjonen vil bli auka med ytterlegare 10 millionar kroner, noko som om lag tilsvarer uttrekket for vintersesongen 2008/2009.
Utbetaling av den føreslåtte tilleggsløyvinga vil først kunne skje etter vedtak i Stortinget.
Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til ein kompensasjon for NOX-avgift for andre halvår 2008 og for 2009 basert på innbetalingar til næringslivet sine NOX-fond.
Det vil bli gjort framlegg om at den generelle kompensasjonen til selskapet for resten av avtaleperioden kan vidareførast med mindre fortenesta til selskapet knytt til det statlege kjøpet, blir vesentleg betra.
Arbeidet med ny utlysing av denne tenesta vil starte opp så snart som mogeleg, med sikte på utlysing i første halvår 2009. Samferdselsdepartementet legg til grunn at revidert avtale blir vidareført i perioden fram til iverksetjing av ein ny avtale