Bussen går - selv uten avtale
Dei seks andre rutebilselskapa har inngått nye toårige avtaler.
- Forhandlingane held fram og dialogen er god, seier samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylke, Arild Fuglseth.
For busstilbodet får det ikkje konsekvensar fordi fylket utbetalar tilskot som vanleg, på nivå med det dei andre busselskapa får. Så blir dette avrekna når ein ny avtale er på plass.
Samferdselsdirektøren tør ikkje seie kor raskt det går å få til ein ny avtale, men han trur dei får til ein avtale også med Nettbuss Møre.
Forutsetningane har endra seg eindel sidan dei andre busselskapa inngjekk sine avtalar og Nettbuss Møre sa nei. Finanskrisa har slått ut med fall i drivstoffprisane og det er blitt lettare tilgang på sjåførar for bussnæringa.
Rutetilbodet i Møre og Romsdal er framleis på nivå med det vi hadde i 2008. Eventuelle endringa vil først skje etter 1.mai 2009.