23948sdkhjf

Rekordmange utstillere på Dyrskun 2022!

Og det er bare drøyt to uker til den første Dyrskun siden 2019 åpner.

TUNGT I SELJORD: Det er god grunn til at adm. dir. i Dyrsku’n, Geir Helge Espedalen, er temmelig opprømt akkurat nå.

Han skriver dette i en melding til oss i formiddag:

- Det har nok vore eit stort sakn for mange med Dyrsku’n borte i 2 år. Det har aldri skjedd før - eller siden 1866, da. Når er vi meir klare enn nokon gong, og klare syns utstillarane også å vera. Aldri har det vore fleire utstillarar på Dyrsku´n og vi gjer ei ytterlegare utviding av området tilknytt anlegg og maskin.

Vi har stor pågang frå både bedrifter og gjester som ynskjer å vere til stades på Dyrsku’n. Noko vi merkar både på etterspørsel etter camping og sal av billettar. Og vi anbefaler alle på det sterkaste å sikre seg billett på våre nettsider før ankomst. Da sparer du mykje tid når du kjem til plassen.

Det ser ut til at tida vi har vore gjennom har forsterka plassen Dyrsku’n har for dei mange som årleg deltek på messa, som har vore arrangert i ei ubroten rekke sidan 1866, med unntak av pandemi-åra 2020 og 2021.

Eg trur Dyrsku’n sine verdiar og bodskap er viktigare enn nokon, på fleire område. Vi ynskjer å treffast, til ein god handel, for å lære noko nytt eller rett og slett til ein god prat over kaffikoppen.

Det er mange ulike årsaker til at folk valfartar frå heile landet til Dyrsku’n. Her er det noko for ein kvar! Vi veit mykje om publikummet vårt og vi prøvar støtt å legge til rette slik at vi er den messa folk ynskjer å kome tilbake til år etter år.

Som landets største mat- og landbruksmesse finn vi det særs gledeleg at stadig fleire av dei som besøker oss har stor interesse i norsk mat. Derfor har vi år bygd om Matkvartalet for å få plass til endå meir spennande norsk lokalmat. 

Mange av dei som besøker oss er også opptatt av å søke ny kunnskap og dette finn du på mange arenaer på Dyrsku’n. Både innan dyr, husflid, mat og landbruk. Her er moglegheitene nesten uendelege. Foredrag og debattar blir det i år både i Møt Landbruket, i den nye TettPå-arenaen og sjølvsagt på Dyrsku’n si offisielle opning fredag kl. 16.

Opphav og kilder: melding fra Dyrskun

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.078