23948sdkhjf

Får ikke etablere massedeponi

NVE gir avslag på søknaden fra SG Deponi AS om å etablere massedeponi i Reitdalen i Melhus kommune.

Norges vassdrags- og energidirektorat skriver videre i en pressemelding:

NVE fastheld vurderingane frå tidlegare handsaming av tiltaket, og legger avgjerande vekt på at å etablere massedeponi i Reitdalen er eit irreversibelt inngrep i strid med verneverdiar i Gaulavassdraget. Omsynet til verneverdiane er avgjerande for vedtaket.

SG Deponi AS har søkt om løyve til å etablere massedeponi i Reitdalen, i Melhus kommune i Trøndelag, og har no fått avslag frå NVE.

Når NVE treffer avgjersle etter vassressurslova i verna vassdrag skal det leggast vesentleg vekt på omsynet til verneverdiane. Ivaretaking av verneverdiar i verna vassdrag er ein nasjonal interesse. Et deponi i Reitdalenvil føre til irreversible endringar.

–  Vi fastheld vår vurdering frå tidlegare handsaming av tiltaket, og legger avgjerande vekt på at å etablere massedeponi i Reitdalen er eit irreversibelt inngrep i strid med verneverdiar i Gaulavassdraget, seier Inga Nordberg, direktør for energi- og konsesjonsavdelingen i NVE.

Slik var deponiet planlagd

Planen inneber å deponere 2 562 290 m3 reine jord- og steinmassar i Reitdalen over ein periode på 15 år. Dalen skal fyllast igjen, og maksimal djupne vil vere 40 meter. Gråor-heggeskogen og edellauvskogen i kantsona langsmed Reitanbekken skal fjernast og bekken skal leggjast i rør mens massedeponiet er i drift. Etter at deponidrifta er avslutta skal bekken opnast ved at ny bekkebotn etablerast på stabiliserande fylling. Tolv meter kantsone skal reetablerast på kvar side av bekken.

Tiltaksområdet er innanfor nedbørfeltet til Gaulavassdraget som er verna etter Verneplan III for vassdrag. Etablering av massedeponiet Udduvoll vest i Reitdalen vil føre til at området gjenfyllast og at aktive erosjonsprosessar, i dette tilfellet fluviale prosessar, i Reitanbekken vil stoppe. Det vil og bety at gråor-heggeskog og edellauvskog i dalen, inkludert kantsona langs bekken, blir hogd. Etablering av ny bekkebotn og tolv meter kantskog på kvar side av denne er etter NVE si vurdering ikkje tilstrekkeleg til å avbøte tiltaket sine verknader for verneverdiane knytt til danning av landformar (geomorfologi) og botanikk i Gaulavassdraget.

Opphav og kilder: Norges vassdrags- og energidirektorat

Kommenter artikkelen
Anbefalte artikler

Nyhetsbrev

Send til en kollega

0.48